Bondens dag
Det nærmar seg siste helga i august og den andre av årets tre kystsogedagar i Os. Denne innheld som vanleg Bondens Dag og Oselvarfestivalen.
Bondens Dag startar også i år med servering av gratis frukost på torget klokka 10, og mat er viktig ingrediens også på torghandelen. For medan marknadsdagane i juni har fleire utstillarar blant butikkane på Osøyro har Bondens Dag eit større utval av tilreisande, men lokale produsentar av matvarer.
På Kyrkjeflaten er "råvarene" samla i levande live, kyr og sauar er stilt ut så store og små kan helsa på. Når aktivitetane er godt i gong kjem også dei finaste kalvane i bygda på utstilling, og då blir det også kåra ein vinnarkalv.
Den gamle tradisjonsbåten oselvar stiller med ein rykande fersk tittel til årets Oselvarfestival, laurdag kan du sjå nærmare på nasjonalbåten, og til og med låna ein for å vera med på kapproing. Kapproinga startar klokka 12.30, etter at Os Durspelsamskipnad har spelt. Før dette, klokka 12, blir det innslag ved Os Mannskor (kl 12).