• Osfest 2014

OsFest

Sumarens høydepunkt når da kjem til festival på Os.

Osfest er ein nystarta musikkfestival i Os, Hordaland. Her kjem lokale, nasjonale og utanlandske artistar i fleire sjangre. Me vil og retta oss mot barn, ungdom og familie med skreddarsydde arrangement.
 

Osbygdo ligg nydeleg til ved Bjørnefjorden, berre 30 minutter sør for Bergen med kommunane Samnanger, Tysnes, Fusa og Austevoll omkring. På kommunevåpenet for Os finn du ein Oselvar i gull. Oselvaren er kåra til Noregs nasjonalbåt. Os er blant dei hurtigst veksande kommunene i landet.

I Os finn du mellom anna Oseana Kunst- og Kultursenter, Lyseklosterruinane og det eksklusive Solstrand Hotel & Bad, i sin tid bygd av Statsminister Christian Michelsen. Oselva renn ut i Bjørnefjorden og vi har vakker utsikt til hav, fjell og Folgefonna.

Festivalområdet er midt i sentrumskjerna, på grusplassen ved Os Ungdomsskule ved siden av Os Kyrkje. Osfest samarbeider med Os Kommune og lokalt næringsliv.