Skulptursymposiet
To veker annankvar sommar står eit knippe med skulptørar frå heile verda med meisel og vinkelslipar og formar dei vakraste skulpturar av italiensk marmor og norsk granitt, eller kanskje andre råemne.
Os kulturutvikling
Tilskipar er stiftinga Os kulturutvikling og ideskapar er den lokale skulptøren Arne Mæland. Fyrste tilskipinga var i 1999, og anna-kvart år etter det har kring ti skulptørar frå like mange land frå Europa, Asia, Nord- og Sør-Amerika vore med.
Mange av skulpturane som er laga under symposia er vorte verande i Os, og medverkar til å gje Os preg som skulpturbygda. Os Kulturutvikling viser att i bygdebiletet på fleire måtar.
Vognhallen
Stiftinga har overteke Vognhallen, den 70 meter lange bygningen frå Osbanen si tid, og skal utvikla han til eit kunstnarsenter med atelier og verkstader.