Opplev aktive dagar med båtliv, golf, fiske eller fjellturar – og nyt naturen langs elva, ved fjorden, i hamna eller i fjæresteinane.
I Os kan du sjå kulturminner som Lyseklosterruinane frå 1146 og Ole Bulls Villa på Lysøen, vitja Oselvarverkstaden, Galleri Solbakkestova og fleire andre utstillingar.
Fjordar, øyar, holmar og skjer…Varme sommardagar, med sol, grilling og badeliv…. Hus, hytter og naust i nydeleg natur… Båtliv, fiske, god mat og drikke, - solnedgang i fjæresteinane saman med kjærasten ein varm juli-kveld… Kan du tenkja deg noko betre?
Os kommune kan by på alt dette, både for fastbuande og tilreisande.
Lokalisering
Vår lokalisering 40 minutters kjøretur sør for Bergen sentrum gjev oss ei unik lokalisering opp mot storbyen, samstundes som vi kan by på fantastiske naturkvalitetar. Kort oppsummert; - ein sørlandsidyll i vestlandsnatur! Gjennom prosjektet «Os inspirerer» legg kommunen no til rette for vidare utvikling av kommunen.
Utvikling
Osøyro skal vidareutviklast som tettstad og regionsenter, og det vert satsa på omfattande utbygging i Os Hamn, med nye bustad- og næringsareal, kaifrontar, molo og småbåthamn. I 2006 opna også vårt nye badeland, Osbadet, på Kuventræ. Her finn ein alle fasilitetar med 25-meters basseng, terapibasseng, barnebasseng, vass sklier, stupetårn og kafeteria. Sjekk nærare på www.osbadet.no
Turistar
Er du tilreisande eller turist i eigen kommune vil eg på det sterkaste oppmoda om at de utforskar kommunen. Oppsøk Ole Bulls praktfulle villa på Lysøen, Lyse Kloster, Solstrand Hotel & Bad, kommunesenteret Osøyro, Galleri Oz, skjergarden frå Bjørnefjorden via Øyane og Strøno til Lysefjorden, Oselv vassdraget og fjella i Os. Vær nysgjerrig!
På vegne av Os kommune ønskjer eg alle tilreisande gjestar hjarteleg velkomne til Os! Osingane er eit gjestmildt folk, som vil ta i mot dykk på beste måte.
Ordførar Terje Søviknes